Hei, mitt namn er Jon Marius Roald. Eg er arbeidsledig, nei, arbeidssÞkande. Ein utakknemleg, blakk, einsformig og delvis nedverdigande kvardag. Ofte gÄr dette ut pÄ Ä drikke kaffi, sitje oppe lenge pÄ nettene, unngÄ nettbanken, og skrive sÞknadar. Dette er ei tidtrÞyte, og eg tenkte difor at no skal eg skal prÞve noko nytt. Eg skal prÞve nye ting, nye geskjeftar, ny mat, nye aktivitetar og hÞyre pÄ ny musikk. Samstundes vil eg reinvaske ordet manifest. Dette er eit ord som alt for ofte blir assosiert med fascisme og farlege tenkjarar. Eg er ikkje ein farleg tenkjar, og heller ingen fascist. Eg skal berre manifestere mine tankar, som arbeidssÞkar. SÄ velkommen hit.
Eg ligg sĂžvnlaus pĂ„ tredje timen, og kjenner at no er det pĂ„ tide Ă„ blĂ„se liv i bloggen igjen. Det er nokre mĂ„nadar sidan sist gong, og med god grunn. Eg jobba fulltid fram til jul, og den lille tida og energien eg hadde til overs brukte eg pĂ„ Ă„ skrive halvhjerta jobbsĂžknadar. Eg blei sĂ„ lei av Ă„ skrive sĂžknadar at eg begynte Ă„ ta meg litt kreativ fridom. Mykje kreativ fridom. Ăin jobbsĂžknad skreiv eg faktisk pĂ„ kĂ„seriform. JobbsĂžkartips: Ikkje skriv jobbsĂžknad pĂ„ kĂ„seriform.
Dei siste to mĂ„nadane har vore rare. Eg vore gjennom ein tankesirkel. Ein tankesirkel med temaet identitetskrise. Kven er eg, og kva vil eg? I starten av mitt arbeidslause liv tenkte eg at sidan eg er hĂžgt utdanna, sĂ„ kan eg fĂ„ den jobben eg vil. Plukk og mix. Det var visst ikkje slik. SĂ„ dĂ„ intervjuinnkallingane slutta Ă„ kome, og eg begynte i fast jobb, der mykje av tida eg hadde âtil oversâ gjekk med til jobbsĂžking, var det lett Ă„ bli litt mutt. Eg begynte Ă„ hate dei jobbane eg har utdanna meg til Ă„ fĂ„. Utan Ă„ nokon gong ha hatt ein. Kvar dag hata eg litt. Det fĂžrste eg gjorde nĂ„r eg kom pĂ„ jobb var Ă„ skrive om kor mykje eg hata dagens samfunn og korleis planane for livet ditt allereie er lagt opp for deg frĂ„ den dagen du er fĂždt. Eg vil gjerne vise nokre utdrag av ting eg skreiv. Dette kan bli litt langt, men eg skal prĂžve Ă„ oppsummere tre mĂ„nadar med frustrasjon, forvirring og renessanse i eitt innlegg, sĂ„ berre hald ut. Her kjem utdraga. Det er forresten viktig Ă„ huske at dette er skrive i djup frustrasjon, derav bannskapen og den pessimistiske undertonen.
Renessansen, ikkje sant?
Torsdagskjensle, 22.10
Eg likar at eg har gÄtt frÄ Ä like Ä skrive til Ä ha fÄtt eit genuint behov for Ä skrive. Eg skriv kvar dag. Godt, Jon, godt. Fuck, systemet, fuck kapitalismen. Fuck karriere, og fuck pengar. Eg vil ikkje studere - jobbe - pensjonere - dÞy. Eg vil leve - leve - leve - dÞy. Studere har eg gjort, og eg angrar ikkje, men eg vil ikkje gjere det som er forventa av meg berre fordi det er forventa. Eg vil gjere det eg forventar av meg sjÞlv. Skape, lage, vere fri.
Onsdagskjensle, 28.10
Det irriterer meg litt at eg ikkje har eit knust hjarte.
November Breeze
November kom helvetes fort. Oktober raste av gÄrde, men var lÊrerik. Eg har skjÞnt at eg slit med Ä finne min plass i denne kommersielle fuck-upen av ei verd, men lufta er varm i dag. Som om noko er feil. Som om der ligg ei lÞysing rett framfÞre meg, men at eg er overvelda av min eigen komfort. Som om mangelen pÄ utfordringar hindrar meg i Ä finne henne. I kveld skal eg setje meg ned og tenke litt. Isolere meg, og tenke. Kom da, varme novemberbris, lat oss finne pÄ noko lurt.
Min eigen lukkesmed
Eg vil lakke neglane mine, gÄ med poncho, drikke kaffi og observere folk. Vere glad i livet. SÄ skal eg bli lykkelig.
Satan som det bankar. FrÄ laurdag morgon og laurdag kveld og sÞndag og i gÄr og i dag. Opp og ned som ein sprettball. 64 - 70 - 90 - 102 - 73 - 67 - 80 - 80 - 92 - 64. Drugs. 64 - 64 - 64 - 64 - 64 - 64. SÄ no skal eg liksom begynne pÄ beroligande. Nei, fuck det. Eg skal ikkje bli avhengig av noko slikt for Ä fungere i kvardagen. Det er pÄ tide Ä ta tak. Eg har kjent det kome snikande lenge, men eg har bÞrsta det bort. Latt det prelle av meg som regn pÄ ei softshelljakke. Satt pÄ litt Bon Iver, tatt meg ein snus, og tenkt at javel, det er ein slik dag i dag; i staden for Ä gÄ til rota av problemet, og ha ei aktiv innstilling. Eg er ei vandrande oljehyre.
Det er fÞrste gong eg ser tilbake pÄ alle desse hjerne-pÄ-papir-essaya mine etter eg skreiv dei, og eg mÄ seie dei var mykje mÞrkare enn eg huskar. Onsdagskjensle, 28.10 skjÞnar eg fortsatt ingenting av. Eg skal ikkje kjede dykk med renessansen. Det er jo ingen som likar Ä lese om at alt gjekk bra til slutt, uansett. Poenget er at sirkelen er slutta. Eg har ein deltidsjobb som journalist. Eg skriv mykje meir pÄ fritida enn fÞr. Eg skriv fleire og betre jobbsÞknadar enn nokon gong. Og ikkje minst, eg lagar dÞdsgod mat. Eg vil ha den jobben eg har utdanna meg til, eg vil faktisk det. Og sÄ skal eg gi ut bok ein dag. NÄr eg blir ferdig med noko eg er fornÞgd med. Det gÄr an Ä gjere begge deler. Eg trur 2016 blir eit bra Är.
Dersom du heldt ut heilt hit, sÄ gratulerer eg deg. Premien din er at du no kan gÄ tilbake til ditt eige liv og vite at jo, det er greitt Ä vere litt fortapt i blant. Men det ordnar seg alltid. Og den versjonen av deg sjÞlv som kjem ut av tunnelen er ofte ein mykje kulare versjon enn han eller ho som kÞyrde inn. God natt!
Anya is live and ready to show you everything. Watch her strip, dance, and perform exclusive shows just for you. Interact in real-time and make your fantasies come true.
â Live Streamingâ Interactive Chatâ Private Showsâ HD Qualityâ Free Actions
Free to watch âą No registration required âą HD streaming
"Jamen du treng no ikkje Ă„ slutte HEILT med kjĂžt, vel?â
Overskrifta er eit sitat av mamma. Neida, mamma, eg treng ingenting. Dette er eit valg eg sjĂžlv tek, utan pĂ„legg frĂ„ nokon som helst form for lovgivande, utĂžvande eller dĂžmmande styresmakt.Â
No har eg vore veganer i ti dagar. Har hatt nokre uhell, der eg plutseleg har ei pepperkake i kjeften, eller ein sjokolade i halsen, men elles har eg vore heilhjarta veganer. No er det jo slik at ein lagar reglane sjÞlv, i og med der ikkje finst noka form for veganerpoliti, slik det gjer i Scott Pilgrim vs the World. Eg har difor valgt Ä inkludere honning i min veganske livsstil, sjÞlv om det ikkje er rekna som vegansk. Det drit eg i. Bier er kjekke, viktige for pollinering, og dei held pÄ Ä dÞy ut, kanskje. SÄ eg tenker dei treng all hjelp dei kan for Ä fÄ bieÞkonomien opp og gÄ igjen. SÄ eg har vore veganer + honning.
Resultatet av min fĂžrste veganske handletur. Ikkje ein einaste jĂŠvla kjĂžtbit.
Det vanskelegaste med Ă„ ha vore veganer er Ă„ heile tida mĂ„tte rettferdiggjere det. Eg er veldig klar pĂ„ at dette er mi greie, og driv ikkje og druknar andre i veganerfakta. Likevel fĂ„r eg veldig mange spĂžrsmĂ„l om kvifor. KjĂžtetarane blir veldig interesserte i Ă„ diskutere dette. Ja, nesten litt brydde. Der er ein vits som gĂ„r slik: âKorleis veit du at ein person er veganer? Han seier det til degâ. Denne har eg sjĂžlv fortalt mang ein gong, og fĂ„tt meg ein hjarteleg latter ut av. Den skal jo kaste lys over at alle veganarar alltid er sĂ„ opp-i-trynet-ditt-veganer, at deira veg er den einaste veg. Likevel sĂ„ har eg merka at ein person som ikkje er interessert i Ă„ gi opp kjĂžt gĂ„r veldig i forsvarsposisjon nĂ„r temaet kjem opp. Som om utsagnet âeg er veganerâ alltid mĂ„ fĂžlgast opp av ein diskusjon. Tenk viss du mĂ„tte rettferdiggjere kvar gong du kjĂžpte ei jakke som ikkje var ekte skinn eller pels?
Etter ti dagar pÄ dette prÞveprosjektet har eg funne ut noko. Det er forferdeleg enkelt Ä vere veganer - viss ein interesserer seg for matlaging. For det er tidkrevande opplegg. Eg brukar meir tid i butikken. Funderar meir. Og det blir mykje meir oppvask, av ein eller annan grunn. Usikker pÄ kva eg synst om det. Men, eg lagar usannsynlig god mat om dagen. Falafel, curry, thaisupper, vegansk lasagne. Den siste var utfordrande. For kva gjer ein nÄr ein ikkje kan bruke smÞr og mjÞlk til kvitsausen, og ost pÄ toppen, og kjÞt inni? Ein jobbar rundt det. Samme det, eg skal ikkje la dette bli ein matblogg. Sjukt godt blei det i alle fall.
Men, eg har ogsÄ funne ut noko anna. Ein heilt vegansk diett kan gje deg mangelsjukdommar. Ein kan jo dÄ begynne Ä lure pÄ om dette er sÄ lurt. Dersom eg mÄ inn til legen ein gong i Äret for Ä sjekke vitamin B12-nivÄet mitt fordi eg er veganer, sÄ verkar det litt poenglaust. Dersom naturlovane seier at eg treng vitamin B12, sÄ er det kanskje lurt Ä hÞyre pÄ det. Dersom eg mÄ ta kosttilskot for dei produkta eg har bestemt meg for ikkje Ä ete, sÄ kjemper eg ein tapande kamp. Men eg likar fortsatt konseptet. Det fÄr meg til Ä fÞle meg bra. Eg skulle berre Þnske der eksisterte ein mellomveg mellom full blown veganer og omnivore. Ein mÄte Ä leve pÄ der eg kan unngÄ kjÞt, men samtidig fÄ i meg alle dei stoffa naturlovene pÄlegg meg Ä fÄ i meg. Neimen dÊven, det finst jo.
FrÄ og med i dag, altsÄ 25. november, sÄ erklÊrar eg prÞveprosjektet, Operasjon Redde Verda Ved à Bli Veganer Etter à Ha Sett Dokumentar Om KjÞtindustrien, som avslutta. Eg erklÊrar vidare at eg frÄ og med 25. november, fortsatt i dag, herved er vegetarianer pÄ ubestemt tid. O heilage mjÞlk, eg er glad du venta pÄ meg, for no kjem eg og tek deg. Vitamin B12, eg skal bade i deg. To gongar i veka eller noko. Eller fleske til med eit egg som laurdagsgodteri. Nok til Ä ikkje dÞy av vitaminmangel. Eg erklÊrar avslutningsvis ogsÄ to unntak til regelen:
Spekemat pÄ lillejulaftan. Det er berre noko som ikkje hÞyrest riktig ut med denne kombinasjonen: Hovmesteren pÄ TV, glÞgg i kruset, og pitabrÞd med hummus ÄttÄt. Nei, det mÄ vere spekemat.
Julemiddagen. Eg tĂžr ikkje Ă„ kĂždde med juletradisjonen. Eg kan heller begrense meg til Ăšin type pĂžlse, og ikkje fem, slik det brukar Ă„ vere i denne familien.
Og med det konkluderer eg dagens segment. Eg er vegetarianer. Du kan gjere akkurat som du vil. Og du kan fortsatt invitere meg pĂ„ middag - kjĂžt eller ikkje. Eg skal ikkje legge meg heilt pĂ„ tvĂŠrĂ„.Â
Eg kom nettopp pĂ„ at eg har ein blogg. Det har skjedd sĂ„ mykje dei siste vekene at eg har glĂžmt heilt av han. Skjedd mykje, som i fĂ„tt meg fast jobb og leiligheit i Oslo, og kjĂžpt meg bil. Neida, berre tull. Fortsatt stuck i den same verda som eg var stuck i ved forrige innlegg. Men eg har lest mykje, lĂŠrt mykje. Eg har skrive mykje ogsĂ„. Berre ikkje her.Â
NĂ„r ein ikkje har sĂ„ mange folk rundt seg Ă„ ta inn impulsar frĂ„, sĂ„ mĂ„ ein pĂ„ ein mĂ„te lage sine eigne impulsar. Musikk og skriving er fint, men det er ikkje nok til Ă„ hindre meg frĂ„ Ă„ gĂ„ pĂ„ veggane. SĂ„, dĂ„ kan jo eg nytte fritida til Ă„ prĂžve Ă„ bli eit betre menneske. SĂ„ no skal eg prĂžve noko nytt. Som eg jo sa at skulle gjere i starten av denne bloggen. PrĂžve nye ting. Ein ny livsstil, denne gong. DĂVEN SRETTE, JON SKAL BLI VEGANER.
- Hallo, mitt namn er Kyrre, og eg har kome for Ă„ Ăžydelegge planeten din
I alle fall i ei veke. Veke 47. DĂ„ skal eg vere veganer.
Eg sĂ„g nettopp ein dokumentar med namnet âCowspiracyâ. Sjekk han ut. Ligg pĂ„ Netflix. Den handlar om korleis kjĂžt- og meieriproduksjon i grunn og botn er rota til ganske mykje djevelskap her i verda. Global oppvarming, forureining, avskoging og hungersnaud (vi brukar meir korn pĂ„ dyr enn vi gjer pĂ„ menneske) for Ă„ nemne nokon. Ikkje eksklusivt, sjĂžlvsagt, men det er ein sterk bidragsytar. Eg skal ikkje seie sĂ„ mykje meir om denne. Eg skal ikkje bli ein veganerpreikar heilt endĂ„. Eg oppfordrar likevel folk til Ă„ sjekke ut dokumentaren, uavhengig om du planlegg Ă„ bli vegetarianer, veganer, eller kanskje til og med ete meir kjĂžt, sidan eg skal ete mindre. All lĂŠrdom er god lĂŠrdom.Â
SĂ„ korleis blir ein veganer? FĂžrste steg er Ă„ byrje Ă„ ta med eigen lunsj pĂ„ jobb, for kantina der ser jo ut som eit einaste stort dyr. KjĂžtpĂ„legg, fiskepĂ„legg, leverpostei, kaviar, smĂžr, egg, majones, karbonader, sveler og vafler. Skal eg ete vegansk utan Ă„ ha med eigen mat blir det Ă„ ete knekkebrĂžd med agurk kvar dag. KnekkebrĂžd, med agurk pĂ„. Ingen foreldre i verda kan fĂ„ ungen sin til Ă„ synest det er godt, uansett kor truverdig âher kjem flyyyyyetâ-imitasjon dei kan lage. Eg mĂ„ altsĂ„ ha med eigen lunsj. Berre det er jo ei utfordring. Og kva skal eg lage til middag? For uansett kor flink mamma er pĂ„ kjĂžkkenet, sĂ„ er ho ingen veganer. SĂ„ eg mĂ„ lage min eigen middag. Eg kan kanskje fange min eigen fisk. Det handlar jo ikkje om at KJĂT ER DRAP - det er fĂžrst og fremst ei miljĂžsak. Eg synst ikkje det er feil Ă„ ete dyr. Det er mĂ„ten det skjer pĂ„ som er tullete. Men eg kan ikkje stĂ„ ute i fire grader og fiske kvar dag. Eg har ikkje jegerprĂžva, og eg har ikkje hĂžns som kan legge egg for meg. Nei, eg mĂ„ faktisk bli veganer denne veka.Â
Okay. Dette blir ei utfordring. Eg elskar Ă„ lage mat, men eg har null erfaring med Ă„ lage vegansk mat. Dette blir bra.Â
FĂžlg med. Neste veke kjem eg tilbake med refleksjonar. Kven veit kva som kjem til Ă„ skje?Â
I anledning mitt nye innlegg hadde eg planer om Ă„ ta bloggen min til nye hĂžgder, ved Ă„ faktisk gjere research. Eg hadde tenkt Ă„ gĂ„ i gudstjeneste. Ja, du leste riktig. Eg hadde planer om Ă„ gĂ„ i gudstjeneste pĂ„ sĂžndag som var, notere ned kva som foregĂ„r der, og samanlikne dette med det eg trur foregĂ„r der. Snakkar dei med Gud, til Gud, eller i det heile tatt om Gud, eller handlar det stort sett om Ă„ fĂžlge Kardemommeloven og vere grei og snill. Og i sĂ„ fall, kva er eigentleg poenget?Â
Alt dette skulle eg svare pĂ„ gjennom Ă„ gjere feltarbeid. Eg skulle gĂ„ i gudstjeneste.Â
Heilt til eg fann ut at dette gidd eg ikkje, fordi, ja, det er gudstjeneste.
Gudstjeneste ser eg pÄ som VidaregÄande Skule-ekvivalenten til ein dobbelttime i norsk fÞr matfriminuttet pÄ ein fredag, med den der kjedelige lÊraren, veit du. Berre at ein mÄ ha pÄ seg fine klede og bestesko, helst i lakk. Og deltakelse har ingenting Ä seie - her fÄr alle same munnlegkarakter (lÞnn i himmelen). I tillegg fÄr vi hÞyre pÄ musikk frÄ ERA eller Enya eller Josh Groban, og samle inn pengar til nytt orgel eller dÞypefont eller noko.
Eg er i alle hĂžve utmeld frĂ„ Den Norske Kyrkja, sĂ„ eg hadde kanskje vore ein ubeden gjest uansett.Â
Som dykk kanskje ser, er eg ikkje heilt upartisk mot religion, som den glade ateisten eg er. Men kvifor begynner eg Ä himle slik med augene nÄr eg mÞter folk som seier dei er religiÞse, eg som ikkje trur pÄ himmelen eingong?
I Hong Kong, rundt mars-april-tider, sĂ„ sat eg og ein heil gjeng med andre pĂ„ ei strand, seint pĂ„ kveld, ved sida av ein teltcamp vi hadde laga. Vi hadde dekorert med glowsticks rundt heile campen som ei slags demarkasjonslinje for Ă„ vise inntrengarar kvar territoriet vĂ„rt var. Glowsticks vi forĂžvrig stjal frĂ„ nabocampen, som faktisk kom pĂ„ denne briljante ideen. Eg sat i halvmĂžrket, i ein halvsirkel, med folk eg kjente halvgodt. Meg, ein muslim, ein katolsk kristen, og ei jĂždisk ei. Vi snakka laust og fast om alt og ingenting veldig lenge, heilt uprega av at vi hadde sĂ„ fundamentalt ulike syn pĂ„ religion. Tanken hadde ikkje ein gong streifa meg. Eg gĂ„r jo pĂ„ ein mĂ„te rundt og tenker at alle er som meg.Â
DĂ„ det kom fram at vi faktisk sat fire personar med sĂ„ ulikt livssyn, tenkte eg at herregud, har eg sete og snakka med slikt? Men rista det av meg fort, for kvifor skulle dette plutselig bety noko? Vi hadde det jo kjempekjekt fram til desse fakta kom pĂ„ bordet. Vi hadde ulikt syn pĂ„ omrĂ„der som homofilt ekteskap, abort, og andre kontroversar. Men det har jo alle, og det er jo slett ikkje nĂždvendigvis religiĂžst betinga. Desse temaa handlar uansett om menneske, ikkje om ein Gud, og burde behandlast slik ogsĂ„.Â
Dette er i alle fall slik eg har lyst til Ä sjÄ pÄ livet. Eg veit ikkje heilt om eg gjer det endÄ, men eg trur eg er pÄ god veg etter den glowsticksbelyste kvelden pÄ Ham Tin Beach, Hong Kong.
MÄtte kven som helst vere med deg, og vere deg miskunnsam.
à rets sumar har vore den lengste nokon gong. Ikkje Ärstidsmessig, men fÞlelsesmessig. Den starta eigentleg den 5. januar, dÄ eg reiste til Hong Kong, og sluttar i morgon, 1. oktober, for i morgon byrjer eg i jobb. à NEIHERREGUD ER DET SLUTT Pà BLOGGEN, tenker folk dÄ. Rolig, det er berre for tre mÄnadar, sÄ eg anser ikkje meg sjÞlv som ein fullverdig sysselsatt ung vaksen heilt endÄ.
Bloggen bestÄr.
Etter eg fekk denne meldinga om at eg skulle ut i jobb, sÄ har ei bÞlge av inspirasjon slÄtt innover meg, og eg fÞler meg ikkje lengre sÄ stranda. Eg har difor tatt opp att den aktiviteten som kanskje inspirerer meg mest: lage musikk.
NÄr ein er arbeidsledig sÄ gÄr klokka tidvis forferdeleg seint. Klokka vil ein eigentleg at berre skal fjuske litt, slik ho gÄr fortare utan at eg legg merke til det. Slik sÞknadane mine blir svart pÄ litt raskare, slik det blir ferie litt fÞr, slik kompisane mine kjem att ei lita veke fÞr dei eigentleg skulle. Men tid er som kjent ein menneskeskapt institusjon, sÄ det er begrensa kor mykje glede ei defekt klokke hadde gitt meg.
Tida mellom ein sÞknad og eit svar er lang, og denne prÞver eg Ä la passere ved Ä lese bÞker og lage musikk. Her er ein shoutout til den som fekk meg inn pÄ inspirasjonsstien igjen. Takk og ver sÄ god.
Eg har dei siste dagane difor tatt meg saman, og bĂžrsta stĂžv av mine gamle kunnskapar om korleis spele inn og redigere musikk, og eg mĂ„ seie eg er ganske nĂžgd med resultatet. Det er ein sumarlĂ„t, kanskje, men sidan sumaren min varte i ni mĂ„nadar, sĂ„ er det vel eigentleg berre ein lĂ„t. Den handlar om ein sart gut som kanskje ikkje hadde den hĂžgaste sjĂžlvtilliten som born, men som beit tennene saman, og endte opp pĂ„ ein ganske okay plass til slutt. I dette rommet. I slutten av sumaren sin. Denne guten er meg.Â
Eg holdt nesten pĂ„ Ă„ glĂžyme ein ting. Der er mange andre aktivitetar ein kan bruke for Ă„ rettferdiggjere sine eksistens som arbeidsledig. Eg og tre andre gaptrastar eg kallar vennar har lagt hovuda vĂ„re i blĂžyt, og kome opp med idĂšen om at vi skal âgjere tingâ, som vi kallar det. Sidan vi har eit ganske rikt overskot pĂ„ fritid.Â
Exhibit 1: Biltur til Trollstigen.
JĂžss, for eit flott land vi bur i.Â
Takk for turen til mannen til hÞgre, DG, vi sjÄast i Italia.
Anya is live and ready to show you everything. Watch her strip, dance, and perform exclusive shows just for you. Interact in real-time and make your fantasies come true.
â Live Streamingâ Interactive Chatâ Private Showsâ HD Qualityâ Free Actions
Free to watch âą No registration required âą HD streaming
Eg starta denne bloggen for berre nokre dagar sidan, og jĂžss, folk likar det visst. Eg merkar at det ber med seg ein viss stigma Ă„ skrive ordet blogg, men det er greitt - det er jo det eg har laga. Det blir litt som Ă„ invitere med seg nokon til Ä âta ein kaffiâ. Ein mĂ„ for fanden ikkje bruke ordet date. Ikkje her, ikkje i Noreg. Vi mĂ„ vere subtile.Â
Uansett, fleire har kome til meg med tips og triks, fĂ„tt nokre âvi treng hjelp herâ, og âeg kan spĂžrje derâ, noko eg sett umĂ„teleg pris pĂ„. Folk er kjekke, jamt over.
Vidare til dagens nye impuls. Meditasjon. Den fÞrste av mange ting eg skal prÞve som arbeidsledigsÞkande. Lat oss gÄ gjennom denne aktiviteten.
âOkay, eg kjenner fĂžtene mine, eg kjenner lungene, og min tunge pust. Eg kjenner leggane mine, og kjenner beinhinnebetennelsen min. Korleis fekk eg denne? Ah, russetid. KjĂžpte nye joggesko og burde kanskje begy.. faen.. eg kjenner lĂ„ra. Puste tungt, fokusere. Augene fĂžles tunge. Bevegar litt pĂ„ dei, kjenner det godt. Er det ikkje slik at ein bevegar pĂ„ augene nĂ„r ein sĂžv? Jo, slik REM-sĂžvn. Heheh, rare greier. Shit. Tilbake. Det dirrar pĂ„ ein mĂ„te i heile kroppen. Har ei uro. Kjenner det godt. Kor lang tid har det gĂ„tt?âÂ
Og slik gjekk det. 10 minutt. FÞltes som fleire timar. Vi fÄr sjÄ da, om det blir da capo av dette. Der er sÄ mange andre ting som er terapautiske. Musikk. Skriving. Heck, det er jo akkurat det eg driv med no. Det nye albumet til Action Bronson pÄ Þyra, og eit kreativt utlÞp pÄ dette internettet. Kanskje eg skal lage mi eiga forgreining av meditasjon? JA. I morgon.
Jah.
Eg tek elles gjerne i mot innspel pĂ„ aktivitetar eg kan bedrive tida mi med.Â
Avslutningsvis eit lite stikk til norsk medias framstillingsevne. â717 personar er bekrefta trampa i hjel dĂ„ det braut ut massepanikk under pilegrimsferdene i Saudi Arabia. Heldigvis var ingen av dei nordmenn.â. Nei, men dĂ„ er vel alt greitt dĂ„?Â
Eg sit her i halvdimma belysning i stova. Drikk halvgul te, og skriv halvhjerta pĂ„ nokre jobbsĂžknadar med innleveringsfrist hĂžvesvis â22. septemberâ og âsnarastâ, altsĂ„ hĂžvesvis âi dagâ og âdette burde du gjort for lenge sidanâ. Men slik har det blitt i denne tilverelsen. Ingenting hastar, kjennest det ut som, sjĂžlv om alt anna i livet tilseier det motsatte. Pengar, jobb, karriere, ein grunn til Ă„ stĂ„ opp om morgonen, ei meining med livet. Right?
SĂ„ slik sit eg her og funderer. Skal ein vere smart og fĂžlje straumen? Eller gjere det ein eigentleg vil? Skal eg ta meg saman, og skrive denne sĂžknaden fĂžr stengetid om tre timar? Eller skal eg berre sette segl og la vinden fĂžre meg til eit land der eg ikkje kan sprĂ„ket?Â
Det er eit vanskeleg valg. Eg trur eg utsett Ä ta eit valg. ForelÞpig held eg meg til dei enkle valga, som for eksempel eit spÞrsmÄl om forbrukermentalitet, og mangel pÄ pengar: skal eg bruke teposen min igjen, eller ta ein ny ein?
Lett.
Eg tek ein ny, sidan eg ikkje betaler for teen her i huset.