Er aggresjon tabu?
Notater tatt etter å ha lest «Aggresjon! Et nytt og farlig tabu?» av Jesper Juul.
Mange tenker på aggresjon som noko farleg, at konsekvensane av sinne er vald eller krig. Men aggresjon er mykje meir enn det, Jesper Juul meiner det er feil slutningar som blir dratt når me trur at aggresjon alltid leier til noko ekstremt, som vald eller krig;
«Analysen tar utgangspunkt i at vi ikke ønsker krig og gir dermed en feilaktig slutning. Siden aggresjon fører til vold, og vold fører til krig, avskaffer vi aggresjon og gjør den om til et tabu.»
Han skriv også at det er ein skilnad på konstruktivt og destruktivt sinne. Desse sitata frå boka skildrar det godt;
«Aggresjon er mye mer enn sinne, irritabilitet, roping og skriking. Uten aggresjon ville vi hverken være i stand til å sette oss mål eller til å oppfylle dem. Vi ville ikke kunne skaffe oss en karriere, glede oss over et godt sexliv eller forfølge drømmene våre. Vi ville ikke kunne spille fotball, basket, tennis eller løpe maraton. Vi ville ikke være i stand til å forføre noen, markere egne grenser eller beskytte barna våre. Vi ville aldri ha besteget et fjell, overvunnet kreft eller styrtet diktatorer. Og uten aggresjon ville jeg absolutt ikke vært i stand til å skrive denne boken. Å fjerne aggresjon betyr redusert kvalitet i våre individuelle og kollektive prestasjoner.»
«Aggresjon er bare destruktiv når den blir voldelig og går ut over andre eller andres eiendom.»
Altså meiner forfattaren at aggresjon er mykje meir enn vald og krig, det er også mykje positivt. Det er drivkraft, stå på-vilje og å sette grenser. Det er å ville noko og å ha det som må til for å klare å nå måla sine.
Om aggresjon skal vere vanskeleg og tabu, forbyr me også dei positive aspekta ved det. I tillegg til dei tinga som Juul nemner, meiner eg også aggresjon er naudsynt fordi at utan den, vil ingen gjere opprør. Og å leve i eit opprørsfritt samfunn er farleg, då er me ein masse som gjer alt me blir fortalt, og kan manipulerast til det meste. Ein gjer ingen motstand.
Seinare i boka skildrar Jesper Juul også korfor han meiner det er viktig at barn og ungdom får sjå sine foreldre og lærarar vise eit spekter av kjensler, og ikkje berre er snille og milde. Han skriv at dersom me ikkje skal ha førebilete som viser aggressivitet, korleis skal dei unge då lære at menneske kan bli såra, oppleve smerte, frustrasjon, tristhet og å miste beherskelsen?
Om me ikkje ser andre utøve desse kjenslene, korleis skal me då klare å utøve dei sjølv? Og føle at desse kjenslene blir respekterte, og at det går bra å ha mange kjensler som går i ulike retningar? Å tabulegge kjensler kan ha alvorlege konsekvensar for kvar enkelt;
«Bare en velutviklet grad av bevissthet om og aksept for følelsene våre og for våre individuelle indre og ytre reaksjonsmønstre kan gi oss tilstrekkelig selvfølelse til å si «Ja!» og «Nei!» når det er på sin plass og nødvendig for vår psykiske og sosiale velvære.»
Juul skriv at ved å ikkje vere ein rollemodell som viser fleire kjensler enn glede og snillhet, tar ein frå neste generasjon sunne og menneskelege reaksjonar. Han seier også det er å gjenta ein ekstremt undertrykkande åtferd som var vanleg i psykiatrien for hundre år sidan. Kvinner som då viste frustrasjon eller sinne, blei stempla som hysteriske. Det var menn som meinte kvinnene var hysteriske, og Juul seier mange kvinner (som ofte er dei med pedagogiske stillingar no) i dag vidarefører denne praksisen. Han oppfordrar derfor spesielt kvinner til å la vere å kjempe mot aggresjonen, men heller ta tilbake retten til opposisjon, kjempe for personleg autoritet og ikkje gi slipp på rettmessig og irrasjonelt sinne.
Juul skriv ogsÃ¥ at sidan kvinner tilbake i tid ikkje fekk lov til Ã¥ vise sinne, skrike eller brøle, byrja dei i staden for Ã¥ grÃ¥te om dei mista sin kjensle av verdi. Juul pÃ¥stÃ¥r at dette heng igjen i dag, og er ein del av «Flink pike»-syndromet. Â
Eg visste frå før at kvinner tidlegare hamna på institusjon om dei var «hysteriske», men då eg las delen der Juul skriv at det heng igjen også i dag, som ein del av pakka til «flink pike», gjorde det meg opprørt. Eg veit at det framleis er ein hersketeknikk som blir brukt mot kvinner i blant anna debattar, dette med å kalle dei hysteriske. Menn som viser autoritet blir sett på som ansvarlege og gode førebilete, ei kvinne som viser engasjement på same måte er hysterisk, sjefete, osb. Men at det er ein del av «flink pike»-syndromet har ikkje tenkt på før, og dette med grininga. Eg skjønar betre no korfor eg veldig sjeldan, nærmast aldri, blir sint så nokon ser det, men veldig lett byrjar å grine.
Jesper Juul skriv også mykje om oppvekst.
Forfattaren meiner det er ein trend at aggressive barn blir sett på som problembarn. Han meiner ei kvar kjensle som ikkje er glede, blir oppfatta som uynskja, både i heimen og i barnehage eller skule. Ved å gjere dette snevrar ein inn rommet for kva som er akseptable kjensler.
Når kjenslespekteret blir så snevert, trur eg ein mistar moglegheitene til å utvikle sitt fulle potensiale. Rammene for korleis ein skal vere blir så tronge at det nærmast er umogleg å skilje seg frå dei andre. Å forvente at alle skal vere like synest eg også er skummelt, igjen dette som eg har nemnt tidlegare i teksten, at ein blir ein lydig masse som ikkje gjer opprør. Då blir ein lettpåverkeleg og enkel å manipulere.
Juul skriv også at den gruppa med barn som blir sett på som «enkle å ha med å gjere» og «velfungerande» (dei flinke og snille), utgjer den største gruppa på psykiatriske mottak for barn eller ungdom seinare i livet. Mesteparten av desse er jenter. At barna er «enkle å ha med å gjere» kjem av at om du er utaggerande blir du straffa, er du innaggerande blir du belønna.











