Tonsenhagen skole, 18. mars 2017
Endelig er sesongen i gang! Aller først ut var Tonsenhagen skole, og vi kom rundt 12:15, eller ein time og eit kvarter etter at det åpna, for å vere i god, men ikkje for god tid til auksjonen som starta klokka 13:00. Førsteinntrykket var veldig bra, med svært god organisering av parkeringen, og god skilting då vi kom inn på området.
Resten var dessverre ikkje like bra. Presentasjonen var rotete, mykje låg slengt rundt på bord og i esker på gulvet. Dei som stod på dei forskjellige standane virka uengasjerte, og ingen hadde gitt dei opplæring av sjekking av betaling med Vipps.
Auksjonen hadde fine ting, men var litt tafatt, og ingen gav beskjed om praktiske ting som korleis ein betalte, eller om kor mykje minsteøkning av bud var. Med ein meir selgande og engasjert auksjonarius kunne nok Tonsenhagen Skolekorps ha hanka inn nokre tusen kroner ekstra der.Â
Oppsummering & terningkast: Parkering: 6, Skilting: 5, Ordning og reda: 1, Auksjon: 2, Servering: 3. Totalt: 2.
Til neste sesong hÃ¥par vi Tonsenhagen held fram med den eksemplariske parkeringsavviklinga, men at dei ellers informerer folk som jobbar der litt bedre, og har det ryddigare.Â











