Sentrale karakterar(som døyr):
Kong Fortinbras - Konge av Noreg. Døyr i kamp mot Kong Hamlet. Kong Hamlet - Konge av Danmark, far til prins Hamlet. Vant ein krig mot Noreg. Forgifta av sin bror, Claudius. Kjem tilbake som eit gjenferd for å kreve hemn mot Claudius. Polonius - Kong Claudius rådgjevar, far til Ophelia og Laertes. Feiltagen for Claudius, vert han stukket dødeleg av Hamlet. Rosencrantz og Guildenstern - to unge menn ved det danske hoffet, studiekamerater av Hamlet på Wittenberg. Skal følge Hamlet til England, der han skal drepast. Dei vert lurt, og sjølv henretta av kongen av England.
Ophelia - Dotter av Polonius. Kurtiserer Hamlet, men avvises. Mister livet til sorg og galskap etter farens død - ho drukner seg sjølv.
Gertrude - Dronningen, prins Hamlets mor. Gifter seg på nytt med Claudius, til Hamlets misnøye. Døyr ved stykkets ende då ho drikker av eit forgifta beger som Claudius hadde ment til Hamlet.
Laertes - Son til Polonius, og bror til Ophelia. Vil hemne sin familie, og vert manipulert av Claudius til å sammensverge seg mot Hamlet, med løfter om å sjølv få bli arving. Døyr på slutten av styket, etter duellen med Hamlet, av giften frå sitt eget sverd. Vart tilgitt av Hamlet for sammensverginga før dei døyr.
Kong Claudius - Prins Hamlets onkel, ny konge av Danmark. Forgifta sin bror, kong Hamlet, og tok makten. Fristar først å innynde seg hos Hamlet, men vil kvitte seg med han når han føler seg trua. Hamlet dreper han som hemn for sin far, på slutten av stykket. Prins Hamlet - Son av kong Hamlet. Vil hemne sin far, men sliter med tvil og tungsinn. Ødelegger forholdet til Ophelia, fattar ikkje at mor hans kunne gifte seg med Claudius, og tek livet av Polonius då han tar feil av han og Claudius. Vart drept av Laertes med ein forgifta kårde under ein duell, men klarar i siste liten å ta livet av Claudius og hemne sin far.
Sentrale karakterar(som overlever):
Prins Fortinbras - Prins av Noreg, son av kong Fortinbras. Vil vinne att dei landområda kong Hamlet vann frå Noreg. Får tilbod om fri passasje til Polen om han let Danmark være, og tek tilbodet. Når han kjem att frå Polen til Danmark er Elsinore slott i fullt kaos, alle arvingane der er daude, og Fortinbras får tronen. Horatio - Prins Hamlets trofaste venn, og medstudent frå universitetet på Wittenberg. Bar vitne til kong Hamlets seier i krigen mellom Danmark og Noreg. Er ein av dei første som møter gjenferdet av kong Hamlet. Vert vitne til intrigene i hoffet ved Elsinore, og til dei tragiske konsekvensene. Er på kanten til å drikke av giftbegeret for å følge Hamlet i døden, men Hamlet får han til å sverge å leve vidare for å fortelje historien om kva som hendte.
Mindre sidekarakterar:
I hoffet ved Elsinore: Voltimand, Cornelius, Osric. Polonius’ tjenar Reynaldo. Offiserene Marcellus og Barnardo, og soldaten Francisco. Ein prest. Nokre engelske ambassadører. Ein kaptein i Fortinbras’ hær. Eit kompani skodespelare. Ellers nokre bodbringare, seglere, adelsfolk, og dansker.










